Łysa Góra
From Wikipedia, the free encyclopedia
Łysa Góra, og kalla Łysiec eller Święty Krzyż, er eit velkjent fjell i Świętokrzyskiefjella i Polen. Med ei høgd på 595 meter over havet er fjellet det nest høgaste i fjellkjeda etter Łysica på 612 moh. I fjellsidene og langs toppen er det fleire turstiar, ruinane av ein mur frå 800-talet, benediktinarkloster Święty Krzyż frå 1000-talet (øydelagd under den andre verdskrigen og i dag delvis restaurert), og eit fjernsynstårn. Fjellet vert ofte omtalt i lokale segner som ein stad der hekser hadde sabbaten sin.
Kjappe fakta Land, Fjellkjede ...
Łysa Góra | |||
fjell | |||
Ruinar av eit benediktinarkloster på Łysa Góra | |||
Land | Polen | ||
---|---|---|---|
Fjellkjede | Łysogóry, Świętokrzyskiefjella | ||
Høgd | 595 moh. | ||
Koordinatar | 50°50′28″N 21°03′24″E | ||
Łysa Góra 50.860277777778°N 21.046944444444°E / 50.860277777778; 21.046944444444 | |||
Wikimedia Commons: Łysa Góra | |||
Lukk
Łysa Góra består kvartsitt og kambrisk skifer og ligg aust i fjellkjeda Łysogóry, og er den nest største toppen i den større fjellkjeda Świętokrzyskiefjella.