Łódź
From Wikipedia, the free encyclopedia
Łódź (['wuʨ]ⓘ) er den tredje største byen i Polen og hovudstaden i Łódź-voivodskapet i sentrum av landet. Byen er hovudsenteret for tekstil- og filmindustrien og elektronikk- og underhaldningsbransjen i Polen. Med sine universitet, teater, museum og den verdskjende filmhøgskolen er Łódź òg eit viktig akademisk og kulturelt senter.
Łódź | |||||
---|---|---|---|---|---|
Piotrkowskagata | |||||
| |||||
Motto «Ex navicula navis» (Frå ein båt, eit skip) | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Łódź-voivodskapet | ||||
Byrettar | 1423 | ||||
Borgarmeister | Jerzy Kropiwnicki | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
293,25 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
764 168 2605,9/km² | ||||
Koordinatar | 51°47′N 19°28′E | ||||
Høgd over havet | 162-278 moh | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 90-001 til 94-413 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 42 | ||||
Bilnummer | EL | ||||
Nettstad: www.uml.lodz.pl |
Byen er prega av ein stor utviklingsdynamikk og er for tida inne i ei sterk investeringsbølgje. Han har status som distriktsnivåby, og utgjer saman med omkringliggjande område Storbyområdet Łódź med om lag 1 150 000 innbyggjarar.
Łódź fekk byrettar av kong Vladislav II Jagello i 1423. Stordomstida kom derimot først på byrjinga av 1800-talet. Den vesle jordbruksbyen, som i 1820 hadde knapt tusen innbyggjarar, vart då omdanna til eit av dei største sentera for tekstilindustri i Europa med over ein halv million innbyggjarar like før første verdskrigen braut ut. Dei to verdskrigane stansa den eventyrlege utviklinga. Łódź sin fleirkulturelle karakter gjekk tapt, der polakkar, jødar, tyskarar og russarar skapte ein fleirkulturell smeltedigel i byen som vart kjent som «Det forjetta landet». Etter den andre verdskrigen vart Łódź den uoffisielle hovudstaden i landet fram til gjenoppbygginga av Warszawa. Den økonomiske overgangsperioden på 1990-talet tok knekken på tekstilindustrien i byen, men etter å ha satsa på nye teknologibransjar har næringslivet i Łódź fått eit nytt fundament. Det historiske 1800-talssentrumet i byen vert restaurert, og gamle fabrikkompleks vert revitaliserte.