İskenderun
From Wikipedia, the free encyclopedia
İskenderun (arabisk الإسكندرون) er ein by og eit bydistrikt i provinsen Hatay ved kysten av Middelhavet i Tyrkia. Han vart kalla Alexandretta fram til han vart ein del av Tyrkia den 29. november 1937.[1]
İskenderun | |||
by | |||
Land | Tyrkia | ||
---|---|---|---|
Region | Middelhavsregionen | ||
Provins | Hatay | ||
Høgd | 4 moh. | ||
Koordinatar | 36.5817°N 36.1650°E / 36.5817; 36.1650 | ||
Areal | 247 km² | ||
Folketal | 201 183 | ||
Borgarmeister | Yusuf Civelek | ||
Tidssone | EET (UTC+2) | ||
- Sommartid | EEST (UTC+3) | ||
Postnummer | 31 | ||
Retningsnummer | (0)326 | ||
Bilnummer | 31 | ||
İskenderun 36.587222222222°N 36.173333333333°E / 36.587222222222; 36.173333333333 | |||
| |||
Wikimedia Commons: İskenderun | |||
Nettstad: http://www.iskenderun.bel.tr | |||
İskenderun ligg heilt aust ved kysten Middelhavet ved İskenderunbukta, ved foten av Nurfjella.
İskenderun er eit travelt handelssenter og ein av dei største byane i provinsen, omtrent like stor som provinshovudstaden Antakya. Byen er ein av dei største hamnebyane i Tyrkia ved Middelhavet og eit viktig industrisenter med İsdemir stålver, eit av dei største i Tyrkia. İskenderun er òg ein feriestad med mange hotell, restaurantar og kafear.
Byen ble grunnlagt av Aleksander den store i 333 fvt., og var tidlegare kjend i vesten under det opphavlege namnet Alexandretta (gresk Ἀλεξανδρέττα, 'Alexandrétta, på arabisk al-ʼIskandarūn med fleire varierande stavemåtar). Som følgje av Moskvatraktaten i 1921 vart byen og provinsen avstått til Syria, men provinsen lausreiv seg og slo seg saman med Tyrkia igjen kort tid etter. Syria ønsker framleis provinsen og byen tilbake, noko som har ført til at dei aldri har anerkjend grensene mot Tyrkia.
Dörtyol rett nord for byen er endepunkt for oljerøyrleidninga frå Irak.