Ørsta/Volda lufthamn, Hovden er ei lufthamn som vert eigd og driven av Avinor AS. Lufthamna ligg midt mellom bygdebyane Ørsta og Volda i Møre og Romsdal fylke. Plasseringa er direkte i tettstaden Hovdebygda i Ørsta kommune. Flyplassen vart opna den 1. juli 1971 i samband med utbygginga av det norske kortbanenettet. Flyplassen hadde opphavleg ei rullebane på 866 x 30 m med asfaltdekke, seinare er ho blitt utvida til 1070 m.
Ørsta/Volda lufthamn, Hovden | |||
| |||
IATA | HOV | ||
---|---|---|---|
ICAO | ENOV | ||
Operatør | Avinor | ||
Tener | Ørsta | ||
Stad | Ørsta kommune | ||
Opna | 1971 | ||
Høgd | 74 meter | ||
Koordinatar | 62°10′43″N 6°4′33″E, 62°10′48″N 6°4′27″E | ||
Nettstad | http://www.avinor.no/flyplass/hovden |
Flyselskapet Widerøes Flyveselskap ASA driv ruteflyging til/frå lufthamna. Det går direktefly til Bergen lufthamn, Flesland og Oslo lufthamn, Gardermoen, Sogndal lufthamn, Haukåsen og Sandane lufthamn, Anda.
Flyplassen har hatt stor auke i passasjertalet dei siste åra. Mykje av årsaka til det, er betre kommunikasjonar i regionen (Eiksundsambandet og Kvivsvegen), som har gjort flyplassen lettare tilgjengeleg for fleire. I takt med dette har også rutetilbodet auka. Avstanden frå Ørsta sentrum til flyplassen er 4 km, frå Volda 7 km, Ulsteinvik 30 km, Fosnavåg 45 km og Stryn 64 km.
Volda Ørsta flyklubb har Hovden som base.
Bakgrunnsstoff
- Avinor si side om Ørsta/Volda lufthamn, Hovden
- Ørsta-Volda lufthamn Arkivert 2015-01-15 ved Wayback Machine. Dokumentasjon v/Norsk Luftfartsmuseum
Wikiwand in your browser!
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.