Ølensjøen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ølensjøen, ofte kalla berre Ølen, er administrasjonssenteret i Vindafjord kommune i Rogaland fylke. Ølen kommune slo seg saman med nabokommunen, Vindafjord, 1. januar 2006. Før kommunesamanslåinga var Ølensjøen administrasjonssenter i Ølen kommune. Det bur om lag 1 600 innbyggjarar i Ølensjøen. Ølensjøen er den største tettstaden i kommunen. Ølensjøen er òg regionssenter for indre delar av Haugalandet.
Ølensjøen | |||
tettstad | |||
Ølensjøen mot Ølensvåg | |||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Fylke | Rogaland | ||
Kommune | Vindafjord | ||
Areal | 1,11 km² | ||
Folketal | 1 303 (2023) | ||
Folketettleik | 1 174 / km² | ||
Postnummer | 5580 ØLEN | ||
Preposisjon | i Ølensjøen | ||
![]() Ølen 59.605°N 5.80617°E / 59.605; 5.80617 | |||
Wikimedia Commons: Ølen | |||
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/b/b1/E134_%C3%98len_II.jpg/640px-E134_%C3%98len_II.jpg)
I Ølensjøen ligg Ølen vidaregåande skule, idrettshall, symjehall og det største privateigde slakteriet i landet, Fatland Slakteri. I Ølensjøen er det eit stort kjøpesenter som mellom anna inneheld apotek og postkontor for kommunane Etne og Vindafjord. Elles finst det eit stort møbel- og teppesenter, seks klesforretningar, urmakar og fleire frisørsalongar.