From Wikipedia, the free encyclopedia
Íos (gresk Ίος) er ei øy i Hellas som høyrer til Kykladane i Egearhavet. Íos er ei åslendt med høge klipper langs nesten heile kysten. Ho ligg om lag midt mellom Náxos og Santoríni. Ho er om lag 18 km lang og 10 km brei med eit areal på 109 km².
Íos Lokalt namn Ίος | |
---|---|
Khóra på Íos | |
Geografi | |
Stad | Egearhavet |
Koordinatar | 36°43′N 25°20′E |
Øygruppe | Kykladane |
Areal | 109,024 km² |
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining | Dei sørlege egeiske øyane Thíra |
Største busetnad | Íos (1 957 innb.) |
Demografi | |
Folketal | 2 299 (2021[1]) |
Folketettleik | 21,1 /km² |
Íos er eigen kommune, og frå 2011 høyrer øya administrativt til under periferieininga Thíra i periferien Dei sørlege egeiske øyane.[2]
Ved folketeljinga i 2021 hadde kommunen Íos 2 299 innbyggjarar, medan tettstaden med same namn hadde 1 957 innbyggjarar.[1]
Hamna på Íos ligg ved Órmos i nordvest. Frå her går det buss eller ein 15 minuttar lang gåtur opp til landsbyen, som vert kalla Khóra eller Íos by. Han består av kvite og svært vakre kykladiske hus, med mange trapper og smale gater. I dag er hovudgata i landsbyen fullstendig basert på turisme med restaurantar, butikkar, barar og diskotek. Bortsett frå hamna og landsbyen Khóra har Íos berre eit par små busetnadar, hovudsakleg eit par spreidde hus i nærleiken av dei store strendene (Psáthi, Ajía Theodóti, Mylopótas, Manganári).
Íos har ikkje sett så mange spor etter seg i historia. I følgje dei antikke segnene var mor til Homer frå Íos, og han sjølv skal visstnok vere gravlagd her. På øya kan ein sjå den antikke byen Plakotos heilt nord på øya, der ein kan sjå inngangen til ei grav der Homer visstnok ligg. Nord på Íos kan ein òg sjå ruinane etter ei venetiansk borg frå 1400-talet. Øya skal visstnok ha like mange kyrkjer og kapell som dagar i året, 365.
Íos trekkjer til seg store mengder unge turistar. På 1970-talet brukte mange av dei å sove i sovepose på stranda eller Mylopótasetter å ha festa heile natta. I dag har Mylopótas utvikla seg til ein feriestad for pakketuristar.
Dei største byane og tettstadene i kommunen er:
Dei andre busetnadene i kommunen er:
Småøyar i kommunen:
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.
Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.