Åreknutar
From Wikipedia, the free encyclopedia
Åreknutar eller varicer er ein vanleg sjukdom som inneber at venene i føtene, under huda utvidar seg og dannar tjukkare årer som slynger seg under huda og eventuelt dannar små felt som eit nøste av blodårer.
Åreknutar | |||
| |||
Medisinsk namn | Varicer | ||
---|---|---|---|
Klassifikasjonar og ressursar | |||
ICD-9-kode: | 454-456, 671 | ||
ICD-10-kode: | I83, I84, I85, I86 | ||
ICPC-2: | K95 | ||
MeSH | D014648 |
Når vi står roleg utan å forandre tonus (stramminga) i muskulaturen vert det eit auka trykk i venene i føtene for å få blodet opp til hjartet. Når vi nyttar muskulaturen i føtene, til dømes ved gange, vil ventilar i venene i føtene hindre at blodet i venene renn nedover og samantrykking av venen mellom ventilane pumper blodet oppover. Denne effekten kan medverke til utviding av blodårene i føtene om vi står mykje i ro.
Åreknutane gjev høve for at mykje blod står i ro og gjev fare for at blodet kan koagulere, levre seg, i blodåra. Dette kan vere årsak til og resultat av ein årebetennelse, tromboflebitt. Dette gjev raudheit og kraftig ømheit der blodåra er betent.
Eit sår over ein åreknute kan gje ei kraftig bløding.
Dei kraftige teikningane av tjukkare blodårer kan pasienten føle som kosmetisk skjemmande og det kan hindre pasienten i livsutfolding som bading og sport/treningsaktivitetar der kortbukser er det naturlege antrekket. Åreknutar er særs vanleg og opptrer hos 20-60 % av den vaksne folkesetnaden. I ein britisk folkestudie fann ein førekomst på 40% hos menn og 32% hos kvinner, men kvinner søker oftare lege slik at tilstanden vert oppfatta som hyppigare hos kvinner av den grunn.[1]
Hos nokre pasientar skapar åreknutane smerter.