Áthos (gresk Άθως), ofte kalla Ájon Óros (gresk Άγιον Όρος), «det heilage fjellet»), Ayion Oros eller Agion Oros, er eit fjell og ei halvøy i Khalkidikí nord i Hellas. I antikken vart halvøya kalla Ακτή (Acte eller Akte). Politisk er ho kjent i Hellas som den autonome klosterstaten til det heilage fjellet. Staden er oppført på lista over verdsarv og er heim til 20 ortodokse kloster som utgjer ein autonom teokratisk stat innanfor republikken Hellas. Andeleg ligg Áthos direkte under lovgjevinga til det økumenske patriarkatet Konstantinopel.

Kjappe fakta Land ...
Áthos
halvøy
Thumb
Land  Hellas
Thumb
Áthos
40.158333333333°N 24.327222222222°E / 40.158333333333; 24.327222222222
Thumb
Wikimedia Commons: Mount Athos
Lukk
Thumb
Áthoshalvøya sett frå fjellet Áthos

Halvøya er den austlegaste «fingeren» på den større Khalkidikíhalvøya. Áthos strekkjer seg 60 km ut i Egearhavet med ei breidd på mellom sju og tolv kilometer og dekkjer eit område på rundt 390 km². Fjellet Áthos og dei bratte sidene med tett skog reiser seg til 2 033 moh. Farvatnet rundt enden av halvøya kan vere farleg.

Sjølv om halvøya er forbunde med fastlandet kan ein berre nå ho med båt. Talet på vitjande er avgrensa og ein må ha spesielt løyve før ein kjem til Áthos. Berre menn slepp inn i området og ortodokse kristne vert prioritert i tillatingsprosedyrane. Det er religiøse vakter som ikkje er munkar som assisterer munkane. Alle andre som ikkje er munker er påkravde å leve i hovudstaden på halvøya, Karyés. Folketalet i 2021 var 1 746.[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Wikiwand in your browser!

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Every time you click a link to Wikipedia, Wiktionary or Wikiquote in your browser's search results, it will show the modern Wikiwand interface.

Wikiwand extension is a five stars, simple, with minimum permission required to keep your browsing private, safe and transparent.