Vinterpalasset
From Wikipedia, the free encyclopedia
Vinterpalasset (russisk Зимний дворец), er ein bygning i St. Petersburg i Russland som var residens for russiske tsarar. Palasset er i barokkstil og måla i ein markant grønfarge. Vinterpalasset er i dag ein del av kunstmuséet Eremitasjen.
Kjappe fakta Arkitekt, Stil ...
Vinterpalasset | |||
| |||
Arkitekt | Bartolomeo Rastrelli | ||
---|---|---|---|
Stil | elisabethansk barokk | ||
Vinterpalasset 59.940277777778°N 30.313888888889°E / 59.940277777778; 30.313888888889 |
Lukk
Bygningen fekk si noverande utforming mellom 1754 og 1763 då det vart bygt som vinterresidens for den russiske tsaren. Arkitekten Bartolomeo Rastrelli teikna bygget. Etter februarrevolusjonen 1917 tente det som høgkvarter for den provisoriske, russiske regjeringa. Deretter vart det storma av bolsjevikane, noko som innleia oktoberrevolusjonen.