Red Rain
sang av den engelske singer-songwriteren og rockemusikeren Peter Gabriel (1987) / From Wikipedia, the free encyclopedia
«Red Rain» er opningssporet på So av Peter Gabriel frå 1986. I USA nådde songen tredjeplassen på Billboard si Mainstream Rock-liste. Stewart Copeland frå The Police spelte hi-hat for den regnliknande bakgrunnslyden, medan Jerry Marotta spelte trommer på resten.
Red Rain Singel av Peter Gabriel frå albumet So | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1986 (USA), juli 1987 (Storbritannia) | |
Sjanger | kunstrock, pop, progressiv rock | |
Lengd | 5:39 (album) 4:02 (singel) | |
Selskap | Geffen | |
Komponist | Peter Gabriel | |
Tekstforfattar | Peter Gabriel | |
Låtskrivar(ar) | Peter Gabriel | |
---|---|---|
Produsent | Peter Gabriel, Chris Hughes, Daniel Lanois | |
Peter Gabriel-kronologi | ||
«Big Time» (1986) |
Red Rain | «Biko Live/No More Apartheid» (1987)
|
Gabriel hadde fleire inspirasjonskjelder då han skreiv songen. Teksten kjem frå ein tilbakevendande draum Gabriel hadde om at han symde i eit basseng fylt med raudvin. I ein annan versjon av draumen fall flasker forma som menneske utfor eit stup, og då dei trefte bakken knuste dei og ei raud væske kom til syne, og det byrja å regne raudt.
Tidlegare i solokarrieren sin hadde Gabriel ein ide for ein film kalla Mozo. I filmen skulle landsbybuarane straffast for syndene sine med blodregn. «Red Rain» skulle vere temasongen. Ideen vart etter kvart skrinlagd, men Mozo er nemnd i songen «On the Air» frå Peter Gabriel (II). «Down the Dolce Vita», «Here Comes the Flood», «Exposure» og «Big Blue Ball» refererer òg til soga i Mozo.