Polsk geografi
From Wikipedia, the free encyclopedia
Polen er eit land i Sentral-Europa, aust for Tyskland. Generelt er Polen ei kontinuerleg slette frå Austersjøen i nord til Karpatane i sør. På denne sletta går variasjonar i terrenget hovudsakleg i band frå aust til vest.
Kysten av Austersjøen manglar naturlege hamner bortsett frå Gdańsk-Gdynia-regionen og Szczecin lengst nordvest. Den nordaustlege delen, kalla Dei masuriske sjøane, er tynt folkesett og manglar jordbruks- og industriressursar. Sør og vest for sjøane strekkjer ei vid slette seg mot Sudetane ved grensa til Tsjekkia og Slovakia i sørvest og til Karpatane ved grensa til Tsjekkia, Slovakia og Ukraina i søraust.
Landet strekkjer seg 876 km frå nord til sør og 689 km frå aust til vest. Det totale arealet til landet er 312 843 km², inkludert innsjøar. Polen grensar til Tyskland i vest, Tsjekkia og Slovakia i sør, Ukraina og Kviterussland i aust og Litauen og den russiske provinsen Kaliningrad oblast i nordaust.