Ovid
romersk skribent og poet / From Wikipedia, the free encyclopedia
Publius Ovidius Naso, oftast kjent som Ovid (20. mars 43 f.Kr—år 17 eller 18), var ein romersk skald. Han skreiv om kjærleik, romerske festivalar og forlatne kvinner, men er nok mest kjend for Metamorphoses eller Metamorfosane, eit diktverk om ei rekkje mytologiske omskapingar.
Kjappe fakta
Ovid | |
Bilet av Ovid i Liber Chronicarum frå 1493. | |
Statsborgarskap | Romarriket |
Fødd | 20. mars 43 f.Kr. Sulmo, Sulmona |
Død |
17 e.Kr. |
Yrke | lyrikar, skribent, mytograf, elegist |
Språk | latin |
Sjanger | tragedie |
Ovid på Commons |
Close
Diktaren er kjend som ein meister av elegisk distikon, og hadde stor innverknad på seinare kunstnarar, frå si eiga tid til Renessansen. Dikta hans inspirerte både diktarar og andre kunstnarar. Mellom anna dei italienske diktarane Francesco Petrarca, Boccaccio og Dante, Chaucer og Shakespeare i England, og seinare Cervantes og Holberg blei inspirerte av Ovid.