Musculus biceps brachii
muskel i overarmen / From Wikipedia, the free encyclopedia
Musculus biceps brachii, på norsk den tohovda olbogebøyaren eller berre biceps i vanleg daglegtale, er ein tohovda muskel som ligg på framsida av overarma mellom aksla og olboga. Begge hovuda kjem frå skulderbladet (scapula), og saman blir dei til ein muskelbuk som festar på den øvste delen av underarma. Sjølv om m. biceps brachii går frå aksla og ned til underarma, så er det berre i underarma den har dei viktigaste rørslene, nemleg å supinere (utoverrotere) underarma og flektere (bøye) olboga. Muskelen blir innervert av n. musculocutaneus.
Kjappe fakta
Musculus biceps brachii | |
---|---|
Norsk namn | Den tohovda olbogebøyaren |
Gray's | subject #124 443 |
Utspring | Det korte hovudet: Processus coracoideus på scapula. Det lange hovudet:: Tuberculum supraglenoidale på scapula. |
Feste | Tuberositas radii på radius og biceps sin aponevrose som går ut i den djupe fascien på ventralsida av underarma |
Arterie | A. brachialis |
Nerve | N. musculocutaneus |
Rørsle | Flekterer olboga, supinerer underarma og abduserer i akselleddet. |
Antagonist | Musculus triceps brachii |
Lukk