![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2a/Joseph_Ram%25C3%25A9e_Union_College_USA.jpg/640px-Joseph_Ram%25C3%25A9e_Union_College_USA.jpg&w=640&q=50)
Landskapsarkitektur
From Wikipedia, the free encyclopedia
Landskapsarkitektur er planlegging og formgjeving av landskap til ulike føremål. Ein bruker landskapsarkitektur til å utforma offentlege område som veganlegg, parkar og friluftsområde, og privateigedom som hagar og uterom mellom bygningar. Hovudmål ved landskapsarkitekturen kan vera å gje eit godt livsmiljø og å endra eller oppretthalda dei estetiske eigenskapane til landskapet.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/2/2a/Joseph_Ram%C3%A9e_Union_College_USA.jpg/640px-Joseph_Ram%C3%A9e_Union_College_USA.jpg)
Kompetansen til ein landskapsakitket er samansett av formkunnskap og estetikk, plantekunnskap, material- og konstruksjonskunnskap, økologi og samfunnskunnskapar. Landskapsarkitektar som arbeider med prosjektering gjer det ofte i private kontor og teiknar for hand eller med dataprogram. Landskapsarbeid blir som regel sett ut på anbod for å utførast av entreprenør eller anleggsgartnar. Mange landskapsarkitektar arbeider òg i offentlege etatar med til dømes byggesaker og parkforvalting eller på eit meir overordna nivå med kulturlandskap og kulturminne, tettstadutvikling og skjøtsel av friområde og bynære naturområde.