Gustave Doré
From Wikipedia, the free encyclopedia
Louis Christophe Paul Gustave Doré (6. januar 1832–23. januar 1883), kjend som Gustave Doré, var ein fransk illustratør, målar og bilethoggar. Doré var mykje godt sjølvlærd og arbeidde som illustratør frå han var 16 år gammal. Han bidrog med illustrasjonar til om lag 90 bøker, derimellom ei bibelutgåve i 1866, Dante Alighieris Den guddommelege komedie og bøker av Lord Byron, Miguel de Cervantes, François Rabelais og Honoré de Balzac. Han arbeidde etterkvart også med måleri og i sine siste år som bilethoggar.
Kjappe fakta
Gustave Doré | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 6. januar 1832 Strasbourg |
Død |
23. januar 1883 (51 år) |
Yrke | kunstmålar, illustratør, karikaturteiknar, teikneserieteiknar, litograf, grafikar, grafikar, bilethoggar, teiknar |
Sjanger | historiemåleri, allegori, religiøs kunst, figure, karikatur, portrett |
Gustave Doré på Commons |
Lukk