Guillaume Apollinaire
fransk poet / From Wikipedia, the free encyclopedia
Guillaume Apollinaire (26. august 1880–9. november 1918), hans rette namn var Wilhelm Albert Włodzimierz Apolinary de Wąż-Kostrowicki (eller Kostrowitzky etter fransk ortografi), var ein av dei viktigaste franske poetane og forfattarane på byrjinga av nittenhundretalet. Han var fødd i Roma av ei polsk grevinne, Angelika Kostrowicka; faren var truleg Francesco Flugi d'Aspermont, ein italiensk offiser som aldri hadde kontakt med sonen sin. Apollinaire, som vart fransk statsborgar 9. mars 1916 og tok del i kampane under fyrste verdskrigen, døydde i Paris av spanskesjuka, berre 38 år gamal. Hans namn står på minneplata i kyrkja Panthéon i Paris i opprekninga over dei skribentane som døydde for Frankrike under verdskrigen.
Guillaume Apollinaire | |
Pseudonym | Fernand Laviet |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 26. august 1880 Roma |
Død |
9. november 1918 (38 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, skodespelforfattar, kunstkritikar, dagbokskrivar, sensor, forteller, korrespondent, litteraturkritikar, teiknar |
Språk | fransk |
Sjanger | blankvers |
Medlem av | Société Normande de Peinture Moderne |
Ektefelle | Amélia Kolb |
Guillaume Apollinaire på Commons |
Apollinaire, som i sin ungdom var sterkt influert av den symbolistiske poesien og så opp til dei unge poetane som seinare skulle danne kjernen av surrealistiske diktarar, Breton, Aragon og Soupault, er oppfinnaren av omgrepet «surrealisme». Han gjorde seg til talsmann for kunstnerisk avantgarde, som til dømes kubismen i målarkunsten. I 1913 gav han ut essayet Les Peintres cubistes (Dei kubistiske målarane) som gjorde sitt til å definere og gjere kjend denne nye retninga i målarkunsten, og skreiv òg om Robert Delaunay og andre målarar som held seg til det abstrakte.
Han vart vidgjeten for poesien sin, og praktiserte det som han kalla calligramme, eit vis å setje opp dikta grafisk på som gav dei form av teikningar. Med «kalligrammet» vart den klassiske måten å skrive poesi på i vers og strofer skifta ut med ei visuell framstilling som skal sameine det unike ved sjølve skrivinga med det reproduserbare som det prenta verset på boksida står for. Han blander gamalt med og nytt, tradisjonelle former med modernistisk bildespråk. Diktsamlinga Alcools frå 1913, frukta av hans poetiske arbeid heilt frå 1898, var den boka som fyrst gav han merksemd som poet.