Grøne belte i Storbritannia
From Wikipedia, the free encyclopedia
Grønt belte innan britisk byplanlegging er eit konsept danna for å kontrollere utbreiinga til byområde. Det inneber at visse område rundt byar ikkje er tilgjengelege for utbygging. Det fyrste grøne beltet blei oppretta rundt London av bustadministeren Duncan Sandys.
Politikken går ut å bevara ein ring med ope landskap rundt store tettbygde område ved å legga restriksjonar på framtidig utbygging. På denne måten ynskjer ein å bevare område egna for jordbruk, skogbruk og liknande.