Glede
From Wikipedia, the free encyclopedia
Glede er ei positiv kjensle som ein kan få når noko ønskt skjer, eller noko uønskt ikkje skjer. Ein kan bli glad av å gjera noko ein liker, av å oppnå noko, gjennom ulike opplevingar og samhandlingar med andre og mykje anna. Å oppleva glede gjer at ein slappar av, og å vera mykje glad kan bidra til betre helse og lengre liv enn om ein kjenner seg mykje nedtrykt eller stressa.
Glede er rekna som ei av dei grunnleggjande kjenslene. Ho har mykje til felles med lukke, men er gjerne rekna som meir kortvarig og knytt til augneblikket. Ein kan uttrykka glede gjennom smil, latter, rørsler og gestar, som å springa, hoppa, strekka ut lemmer og liknande.