![cover image](https://wikiwandv2-19431.kxcdn.com/_next/image?url=https://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f8/Europe%252C_1714.png/640px-Europe%252C_1714.png&w=640&q=50)
Freden i Rastatt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Freden i Rastatt frå 7. mars 1714 enda fiendskapen mellom Frankrike og Austerrike mot slutten av den spanske arvefølgjekrigen. Han supplerte freden i Utrecht, som året før hadde enda fiendskapen mellom Frankrike på den eine sida og Storbritannia og Dei sameinte Nederlanda på den andre. Ein tredje avtale, freden i Baden, måtte til for å ende krigen mellom Frankrike og Det tysk-romerske riket.
![Thumb image](http://upload.wikimedia.org/wikipedia/commons/thumb/f/f8/Europe%2C_1714.png/640px-Europe%2C_1714.png)
Freden vart forhandla fram ved Den første Rastatt-kongressen i 1713 og 1714 av den franske marskalken Claude Louis Hector de Villars og den austerrikske prinsen Eugene av Savoie.