Elsa Schiaparelli
From Wikipedia, the free encyclopedia
Elsa Schiaparelli (10. september 1890–13. november 1973) var ein italiensk-fransk moteskapar. Ved sida av Coco Chanel blir ho rekna som ein av dei mest framståande moteskaparane frå mellomkrigstida. Ho var oppteken av surrealismen og samarbeidde med fleire av kunstnarane i tida, som Salvador Dalí og Jean Cocteau. Kolleksjonane hennar var berømte for ukonvensjonell og overdådig design og bruk av uvanlege materiale og sterke fargar, som signaturfargen hennar: «shocking pink», sjokkrosa. Ho hadde sitt eige motehus, Schiaparelli, i Paris frå 1927 til 1954.
Kjappe fakta
Elsa Schiaparelli | |
Statsborgarskap | Italia, Kongedømet Italia, Frankrike |
Fødd | 10. september 1890 Roma |
Død |
13. november 1973 (83 år) |
Yrke | motedesigner, forretningsdrivande, smykkedesigner |
Språk | fransk, italiensk |
Far | Celestino Schiaparelli |
Mor | Marchesa Maria de Dominicis |
Ektefelle | Wilhelm Frederick Wendt de Kerlor |
Nettstad | https://schiaparelli.com |
Elsa Schiaparelli på Commons |
Close