Domino
From Wikipedia, the free encyclopedia
Domino er ein type brikke med to tal markerte med prikkar på kvar side, og spel ein kan spela med slike brikker.
Det finst mange forskjellige dominosett med varierande tal brikker:
Dobbel 6: 28 brikker
Dobbel 9: 55 brikker
Dobbel 12: 91 brikker
Dobbel 15: 136 brikker
Dobbel 18: 190 brikker
Kvar dominobrikke er ein rektangulær kloss med ei linje som deler overflata inn i to kvadrat. Kvar ende av overflata er markert med eit tal farga eller svarte prikkar, eller er eventuelt blank. Prikkane frå 1-6 er vanlegvis plassert slik dei vil vera på ein sekssiders terning.
Baksida av ei dominobrikke er vanlegvis utan markering.
Dominobrikker kan vera laga av alt frå bein, elfenbein, plast, metall og tre, og det finst òg dominosett laga av papp, som vanlege spelkort. Til liks med slike spelkort er dominobrikker eit generisk utgangspunkt for spel, slik at ein kan spela mange ulike spel med eit dominosett.