Denis Diderot
From Wikipedia, the free encyclopedia
Denis Diderot (fødd 5. oktober 1713 i Langres i Frankrike, død 31. juli 1784 i Paris) var ein fransk filosof, forfattar og redaktør av det fyrste moderne leksikonet. Han vart ein av dei mest framståande personane i opplysningstida og blant dei mest radikale og fritalande, som førte til at han vart arrestert fleire gonger. Diderot var overtydd om at dersom religiøse dogme vika for fornufta, og fornufta fekk fullt spelerom, kunne menneska løyse alle problema sine. Han vart ogso kjent for å kome fram med «utrivelege tankar» - som at den frie viljen er ein illusjon, at Gud ikkje eksisterer og at universet ikkje har ei meining. Han stod for ateisme, individualisme og materialisme.
Kjappe fakta
Denis Diderot | |
Statsborgarskap | Kongedømet Frankrike |
Fødd | 5. oktober 1713 Langres |
Død |
31. juli 1784 (70 år) |
Yrke | filosof, romanforfattar, essayist, Encyclopédistes, kunstkritikar, skodespelforfattar, litteraturkritikar, korrespondent, omsetjar, historikar, statsvitar, leksikograf, skribent, kunstteoretiker, litteraturteoretiker |
Språk | fransk |
Medlem av | Det prøyssiske vitskapsakademiet, Det russiske vitskapsakademiet, Vitskapsakademiet i St. Petersburg |
Far | Didier Diderot |
Ektefelle | Anne-Antoinette Diderot |
Born | Angélique Diderot |
Denis Diderot på Commons |
Lukk