Den cisalpinske republikken
From Wikipedia, the free encyclopedia
Den cisalpinske republikken (italiensk Repubblica Cisalpina) var ein fransk klientstat i Nord-Italia som varte frå 1797 til 1802.
Kjappe fakta
Repubblica Cisalpina Den cisalpinske republikken | ||||
Klientstat i Det første franske riket | ||||
| ||||
---|---|---|---|---|
| ||||
Nord-Italia i 1796; hertugdøma Milano, Mantova, Parma, Modena–Reggio vart slått saman til Den cisalpinske republikken i lag med Kyrkjestaten, bispedømet Trentino og delar av Republikken Venezia og Piemonte. | ||||
Hovudstad | Milano | |||
Styreform | Republikk | |||
President | ||||
- 1797–98 | Det første direktoratet | |||
- 1798 | Det andre direktoratet | |||
- 1798–99 | Det tredje direktoratet | |||
Lovgjevande forsamling | ||||
- Overhus | Seniori (Dei eldre) | |||
- Underhus | Giuniori (Dei yngre) | |||
Historisk periode | Napoleonskrigane | |||
- Oppretta | 29. juni 1797 | |||
- Anerkjend av Austerrike | 17. oktober 1797 | |||
- Okkupert av Austerrike | 27. april 1799 | |||
- Tatt tilbake av Frankrike | 2. juni 1800 | |||
- Reformert av Frankrike | 9. februar 1801 | |||
- Vart Den italienske rep. | 1802 | |||
- Vart Kongedømet Italia | 17. mars 1805 | |||
Lukk
Etter slaget ved Lodi i mai 1796 oppretta den franske generalen Napoleon Bonaparte to statar - ein sør for elva Po, Den cispadanske republikken, og ein i nord, Den transpadanske republikken. Desse to, i lag med provinsen Novara vart slått saman til Den cisalpinske republikken 29. juni 1797 med Milano som hovudstad. Austerrike anerkjende den nye staten i Campoformiotraktaten 17. oktober same året og fekk i byte det som var att av Republikken Venezia.