CPU
From Wikipedia, the free encyclopedia
Ein CPU (engelsk akronym for Central Processing Unit) er hovudrekne-/prosesseringseininga i ei datamaskin. Ho har normalt to logiske einingar: Éi eining for styring og éi eining for gjennomføring. Sidan midten på 1970-talet har dei fleste CPUar vore laga av integrert krets (éin eller fleire).
Opprydding: Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp. |
Ein CPU som er bygd av éin enkelt integrert krets vert kalla ein mikroprosessor. Verdas første mikroprosessor var 4-bit-prosessoren Intel 4004, lansert hausten 1971. Det tok fleire år før generelle datamaskiner brukte ein mikroprosessor som CPU. Mikroprosessorar vart i byrjinga berre teke i bruk i spesialutstyr som til dømes avanserte måleinstrument og i ekstrautstyr til større datamaskiner, slik som skjerm- og tastaturterminalar. Frå midten av 70-talet kom enkle hobby-datamaskiner og videospelkonsollar med 8-bit mikroprosessor. Etter dette gjekk det slag i slag med heimedatamaskinar, PC'ar og etter kvart tenarmaskiner.