Brescia
kommune i Italia / From Wikipedia, the free encyclopedia
Brescia (austlombardisk Brèsa) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Brescia i regionen Lombardia og har om lag 190 000 innbyggjarar. Han ligg ved foten av Alpane mellom Mella og Navigilio. Han er den nest største byen i Lombardia etter Milano.
Brescia | ||
---|---|---|
Brescia sett frå byborga | ||
Plassering | ||
Styresmakter | ||
Land Region Provins |
Italia Lombardia Brescia | |
Borgarmeister | Paolo Corsini | |
Geografi | ||
Flatevidd - By |
90 km² | |
Innbyggjarar - Totalt (2005) - folketettleik |
192 165 2087/km² | |
Koordinatar | 45°32′N 10°14′E | |
Høgd over havet | 150 m | |
Diverse annan informasjon | ||
Postnummer | 25100 | |
Telefon-retningsnummer | 030 | |
Nettstad: www.comune.brescia.it |
I lag med den antikke byen Brixia har Brescia vore eit viktig regionssenter sidan førromersk tid og fleire monument frå romartida og mellomalderen er bevart.
Byen er senteret i det tredje største industriområdet i Italia. Selskapa er som regel små eller mellomstore og ofte familiebedrifter. Finanssektoren er òg ei stor næring og turismeindustrien går godt sidan byen ligg nær Gardasjøen, Iseosjøen og Alpane.
Byplanen er rektangulær og gatene kryssar kvarandre i rette vinklar, noko dei har gjort sidan romartida, men området innanfor bymurane frå mellomalderen er større enn den gamle romerske byen.