Aktin
From Wikipedia, the free encyclopedia
Aktin er eit globulært multifunksjonelt protein som dannar mikrofilament. Det er funne i alle eukaryotiske celler (einaste kjende unntak er nematodesperm), der konsentrasjonen kan vere over 100 μM. Aktin er ca. 42-kDa og er ein monomerisk grunnstein av to typar filament i celler: mikrofilament, ein av tre hovudkomponentar i cytoskjelettet, og tynn filament, del av samantrekkingsapparatet i muskelceller. Det kan eksistere enten som ein fri monomer kalla G-aktin eller som ein del av ein linær polymer kalla F-aktin. Både G- og F-aktin er essensielle for viktige cellefunksjonar som mobilitet og samantrekking av celler under celledelinga.
Aktin deltar i mange viktige cellulære prosessar, inkludert muskelsamantrekking, cellemotorikk, celledeling og cytokinese, vesikkel og organelle rørsler, cellesignalisering og bygging og vedlikehald av cellekontakt og cellefasong.
I virveldyr har det vorte identifisert tre hovudgrupper av aktin-isoformar; alfa, beta og gamma. Alfa-aktin, som er i muskelvev, er ein viktig komponent i systemet som genererer samantrekking i musklar. Beta- og gamma-aktin eksisterer i dei fleste celletypar som komponentar i cytoskjelettet.
Cella si evne til å danne mikrofilament dynamisk gir grunnlaget for at cella kan endre seg i respons til miljøet eller til indre signal frå organismen, for eksempel for å auke absorpsjonsevna til cellemembranen eller auke cella sin adhesjon for å kunne danne cellevev.