300-talet fvt.
hundreår / From Wikipedia, the free encyclopedia
< 300-talet f.Kr. > markerte eit høgdepunkt for klassisk gresk sivilisasjon, både i utstrekking og kultur. Medan ei rekkje sjølvstendige greske koloniar hadde spreidd seg i dei austre middelhavslanda, utførte Aleksander den store store erobringar som spreidde gresk kultur langt austover. Etter Aleksander blei riket delt mellom generalane hans, som grunnla kongerike utan det demokratiet ein hadde funne i mange tidlegare greske statar. Denne tida blir kalla hellenismen.
I Kina var heile hundreåret prega av dei krigande statane, der sju ulike statar kriga med kvarandre.