Øyre
høyre- og balanseorgan / From Wikipedia, the free encyclopedia
Øyre finn ein på dei fleste dyr, hovudfunksjonen deira er å oppfatte (høyre) lyd.
Det er vanleg å dele inn øyret på pattedyr i ein indre, ein midtre og ein ytre del.
Det ytre øyret består stort sett av hud og brusk. Det har til oppgåve å leie lyden inn i øyregangen, og verne det indre øyret mot framandelement. I tillegg endrar foldane i det ytre øyret frekvensspekteret på lyden som kjem inn, alt etter kvar lyden kjem frå.
Mellomøyret inneheld ei knokkelkjede samansett av hammaren (lat. malleus), ambolten (lat. incus) og stigbøyelen (lat. stapes). Stigbøyelen er kopla til ein membran som kler det ovale vindauget som grensar til sniglehuset (sjå under).
Det indre øyret inneheld blant anna sniglehuset som omdannar vibrasjonar til nervesignal, og labyrinten som hjelper individet å halde balansen.